Gå til hovedinnhold Gå til søk
FramsidaSkip Navigation Links
Caching av siden 
Gå til hovedinnhold
View Part 

Kulturprisen 2018 til Terje Rypdal

Vestnes kommune, kulturprisI sitt møte måndag 05.11.2018, behandla Vestnes formannskap tildeling av kommunen sin kulturpris for 2018. Formannskapet vedtok at årets kulturpris skal gå til Terje Rypdal, 6391 Tresfjord.
Kulturprisen er ein sjekk på kr.10.000 og eit eige kulturprisdiplom. Tore Gjelsten, 6394 Fiksdal var forslagsstillar.

I grunngjevinga er det lagt vekt på Terje Rypdal si lange og innhaldsrike karriere som ein av dei fremste musikarane og komponistane i Noreg innan jazz og samtidsmusikk.

Vestnes kommune vil gratulere Terje Rypdal med årets kulturpris!

Kulturprisen for 2018 vil bli markert og utdelt i samband med kommunestyret sitt siste møte før jul, tysdag den 18. desember.









Info 
Sist endret 06.11.2018 Hilde Rekdal
Opprettet 06.11.2018 Hilde Rekdal
Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Tips / del