Gå til hovedinnhold Gå til søk
FramsidaSkip Navigation Links
Caching av siden 
Gå til hovedinnhold
View Part 

Vestnes Kulturskule 60 pluss

Kulturskulen logo







Hausten 2018 startar vi opp ei eiga «avdeling» ved kulturskulen – med aktivitetar på dagtid for seniorar. Prosjektet er støtta av Norsk Kulturskoleråd Møre og Romsdal, og vil starte opp allereie i vår, med eit introduksjonsprogram.

60 pluss vil foregå i kulturskulen sine lokale, og innhaldet vil vere variert. Vi nemner: gitarkurs for nybyrjarar, oppfriskingskurs i korpsinstrument, notekurs for nybyrjarar, stretching/uttøying med danselærar, Songglede med akkompagnement, kurs i animasjonsfilm – m.m. Det er kulturskulen sine lærarar som primært vil stå for undervisninga.

Vi vil og inkludere i planane våre eit opplegg som heiter «Skal vi dra dit?» Kanskje dukkar det opp eit arrangement, ein konsert, eller ei operaforestilling som ser spanande ut. Vi vil då lage eit opplegg med djupdykking i historia bak, i komponisten sitt virke, eller i handlinga i operaen.

Gratis introduksjonsprogram

Det vil ikkje vere gratis å vere med på aktivitetane til hausten, men introduksjonsprogrammet no i vår er gratis. Her kan dei som ønskjer det, delta på deler av, eller heile opplegget.

Vi håper det er mange som har lyst til å lære noko nytt, og at prosjektet vil kunne bli eit varig opplegg i kulturskulen frå hausten.

Vi veit ikkje enda om vi kjem til å opphalde oss på sjølve kulturskulen, eller på Myra Kulturbygg. Vi er av den grunn avhengig av at dei som er interessert melder seg på.


Påmelding på epost til hege.haugen@vestnes.kommune.no

71 18 42 13 / 928 19059

Påmeldingsfrist til heile, eller delar av introduksjonsprogrammet: 20.februar.





Program for våren 2018:

Torsdag 1. mars

10.00 – 10.45

«Sangglede» med Elsa Rypdal og akkompagnatør

10.45 – 11.30

Gitarkurs for nybyrjarar dag 1

(deltakarane må ha med gitar)

11.30

Felles lunsj på kantina

12.00 – 12.45

Skal vi dra dit?? – introduksjon – leia av Mette Mjelve

Torsdag 5. april

10.00 – 10.45

«Sangglede» med Elsa Rypdal og akkompagnatør

10.45 – 11.30

Gitarkurs for nybyrjarar dag 2

11.30

Felles lunsj på kantina

Torsdag 3. mai

10.00 – 10.30

Stretching med Kristy Winspur

10.45 – 11.30

Gitarkurs for nybyrjarar dag 3

11.30

Felles lunsj på kantina

12.00 – 12.45

Introduksjon til film/animasjon med Mette Mjelve

Torsdag 24. mai

10.00 – 10.45

«Sangglede» med Elsa Rypdal og akkompagnatør

10.45 – 11.30

Gitarkurs for nybyrjarar dag 4

11.30

Felles lunsj på kantina

Torsdag 7. juni

10.00 – 11.30

Vi fastsett innhaldet litt seinare

11.30

Felles lunsj på kantina



Info 
Sist endret 31.01.2018 Mona-Kristin Lungård
Opprettet 31.01.2018 Mona-Kristin Lungård
Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Tips / del