Gå til hovedinnhold Gå til søk
FramsidaSkip Navigation Links
Caching av siden 
Gå til hovedinnhold
View Part 

Kunngjering av vedtak i namnesak - klagefrist

Kommunevåpen Vestnes kommuneI namnesak 2011/9 har Statens kartverk vedteke Leikarneset som skrivemåte for namnet på eit nes og Leikarnes for bruksnamnet til gardsnummer 35 bruksnummer 3, 4, 6, 9, 2 og 13. Namnet på spissen av neset får vedteke skrivemåten Leikarnesodden, i tillegg til namnet Nesaodden. Berget sør for Nesabukta får vedteke skrivemåten Madamberget.
Berørte grunneigarar har fått skriftleg kopi av vedtaksmeldinga.

I tråd med Stadnamnlova §9, skal vedtekne skrivemåtar for stadnamn brukast av offentlege organ og selskap som det offentlege eig fullt ut. I tråd med Stadnamnlova §10 har vedtak om skrivemåtar for stadnamn ein klagefrist på 3 veker frå den lokale kunngjeringa. Eventuell klage skal grunngjevast.

Desse har klagerett etter Stadnamnlova:
a) offentleg organ og selskap som det offentlege eig fullt ut.
b) eigar eller festar når bruksnamnet kjem inn under skrivemåten av gardsnamn og bruksnamn som språkleg og geografisk fell saman med nedervde stadnamn, eller med andre stadnamn som skal brukast av det offentlege.
c) lokal organisasjon med særleg tilknyting til eit stadnamn.

Eventuell klage skal sendast inn via Vestnes kommune til Statens kartverk, av personar/instansar med klagerett etter lova §5 første ledd bokstav a til c. Eventuell klage skal grunngjevast og sendast/postleggast til Vestnes kommune, Rådhuset, 6390 Vestnes, seinast onsdag 25.juli 2012.





Info 
Sist endret 10.07.2012 Hilde Rekdal
Opprettet 10.07.2012 Hilde Rekdal
Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Tips / del