Open anbudskonkurranse - reinhald av kommunale bygg
Vestnes kommune ønskjer å inngå avtale om reinhaldstenester for dagleg og periodisk reinhald i eit utval av Vestnes kommune sine bygningar/lokaler. Dette gjeld Vestnes Rådhus, Vestnes legesenter/helsestasjon, Aktivitetssenteret, fellesareal i Senior Plaza, Helland skule, Vestneshallen, Helland barnehage (øvre og nedre) og Tresfjord barnehage. Anskaffelsen omfattar og vindusvask av desse bygningane. Samla golvareal er på ca 18.850 kvm og samla vindusareal er på ca 3.000 kvm.
Formålet med reinhaldet er å oppretthalde god reinhaldskvalitet, halde lokala m.v visuelt tiltalande, hygienisk tilfredsstillande og sikre eit godt innemiljø.
For å få tilsendt konkurransegrunnlag og for å motta tilleggsinformasjon vennligst besøk Doffins nettsider: Reinhaldstjenester i Vestnes kommune
Anbodsdokumenta blir utlevert mot innbetaling av eit depositum på kr 1.000,- til konto 9651.08.00017. Etter tildeling av oppdraget blir pengane tilbakebetalt (utan renter) mot retur av utleverte dokument.
Det blir lagt opp til ei felles befaring i dei aktuelle bygga etter nærare avtale.
Frist for innlevering av tilbod: tysdag 10.07.2012 kl. 12.00.
Kontaktperson i Vestnes kommune er Frank Skorgenes, tlf. 71 18 40 62 eller Øystein Hole, tlf. 71 18 40 63.
|
|
|
|