Eigedomsskatt - synfaringsarbeid
Som ein del av grunnlaget for eigedomsskattetaksering har vi no starta synfarings- og oppmålingsarbeidet. Vi vil foreta ei utvendig synfaring på kvar enkelt eigedom.
Vi vil vurdere forhold på og rundt eigedomen som kan virke inn på taksten. I dei tilfelle vi manglar areal på bygningane vil det under synfaringa bli utført ei utvendig oppmåling. Det vil bli teke bilde av alle bygningane.
Det har vore kursing av synfararane, sakkunnig nemnd og administrasjon.
Synfaringa startar i veke 26, i første omgang i nærområdet av Vestnes sentrum.
Veke 27: Synfaringsarbeidet vil foregå i Åsbygda, Furland, Vik og Tomrefjord Veke 28: Tomrefjord, Fiksdal og Rekdal Veke 29: Rekdal, Skorgen og Tresfjord Veke 30: Skorgen, Tresfjord, Vike Veke 31: Nerås, Skorgedalen og Daugstad
Les meir om eigedomsskatten
|
|
|
|