Gå til hovedinnhold Gå til søk
Framsida > Skip Navigation LinksTema > Kultur og fritid > Natur og friluftsliv
Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Friluftsområde i Vestnes kommune

Rekdalshesten, Fotograf: Johan Hjelvik, Bygda Rekdal ligg lengst vest i Vestnes kommune, på grensa til Haram kommune.  Fjellet Rekdalshesten er eit landemerke i bygda.


Oversikta viser område som har lett tilkomst. Kommunen har elles mange fine område for tur og rekreasjon. Spesielt vil vi nemne dei mange nedlagde setrane våre.

Gjermundnesholmane
Området omfattar: Skogkledd strandområde samt nokre mindre holmar med spreidd vegetasjon. Området er fint for bading og fisking. Fleire gravrøyser langs stranda. Skilting frå Europaveg 136 til parkering ved sjøen på Bakneset. God idyllisk hamn mellom Gjermundnesholmane.

Vikesetra, Daugstadsetra m/ fjellområde
Bomvegar til Vikesetra (Vikebukt), Daugstadsetra og Sessetra . Utgangspunkt for turar i skog og høgfjellsterreng. Eigna både for fot- og skiturar. Turløyper til Innfjorden, Måndalen og Vågstranda. Fiskevatn i området.

Øvstedalen - Pjusken
Storslått turterreng best eigna for sommarutfart. Bomveg frå Øvstedalen til midt i lia. Parkering. Merka sti til Pjusken i Stordal (5 t). Fiskevatn i området.

Kjersemfjellet
Bilveg (til Vaksvik) som ikkje er open om vinteren.
Fint fjellområde for utfart både sommar og vinter. Setrar, hytteområde, fiskevatn.
Utgangspunkt for å nå Lauparen som er ein kjend fjelltopp i Vestnes kommune.

Løviksetra m/fjellområde
Bomveg frå Løvik. Kort til fiskevatn og høgfjell. Fleire setrar i nærområdet.

Ørskogfjellet
Populært vinterutfarstsområde, men og utgangspunkt for fotturar sommarstid. God gangveg til Måslia m/Jutevatnet. Gode parkeringstilhøve (P-avgift om vinteren). Skisenter, kafe, hotell, setrar og hytter i området.

Hellandsetra m/ Remmemstinden - Ystetinden - Brustinden
Sommar- og vinterturområde i det velkjende "Moldepanoramaet." Fiskevatn i området. God veg i lett terreng til Hellandsetra som har skogsbilveg/bomveg med gode høve til parkering. Same fjellområde kan også nåastvia ein skogsbilveg med påfølgjande tursti frå Flate (der det er parkering mot avgift), eller via merka sti frå Vik i Tomrefjord (ca. 200 m frå Trohaugen)

Remmemsvik badeplass
Eigar: Vestnes kommune
Badeplass med sanitæranlegg. Parkering v/ nye Helland skule

Kråkneset friluftsområde
Eigar: Vestnes kommune og staten
Området omfattar: Nærtur- og badeområde søraust i Flatevågen. Småkupert terreng med åpen storvaksen furuskog og fin lyngbotn.. Tilkomst frå Helland, industriområde i Kråkvika, eller bustadfelt. Nettverk av opparbeidde stiar i skogen og langs stranda. Badestrand vest for Kråkneset, sanitæranlegg, gapahuk.

Hagneset badeplass og friområde
Grunneigar: Vestnes kommune
Hagneset Vel har disposisjonsrett over området
Området omfattar: Anlagt badestrand med sandbotn. Sanitæranlegg og leikeplass for barn.

Åsfjellet
Toppen byr på fin utsikt både over Vestnes sentrum og nordover mot Molde og Julsundet. Åsfjellet kan spesielt anbefalast for småbarnsfamiliar, og den flotte gapahuken på toppen kan vere eit greit mål og lokkemiddel for dei yngste turdeltakarane. Opparbeid parkeringsplass i Åsbygda.

Leirvågen friluftslivområde
Eigar: Vestnes kommune og staten
Området omfattar: Leirvågen og Furneset med gode bade- og fiskeplassar. Åsnakken med lett turterreng i skogmark og myr. Godt eigna for turar både sommar og vinter. Oppgangar m.a. frå Øygarden/Åsbygda

Bolungneset, Nerås
Gravrøyser i strandområdet

Vikfjøra badeplass
Eigar: Privat - Vik Velforening har ansvar for vedlikehald
Området omfattar:Parkeringsplass, badestrand og sanitæranlegg

Tomrefjellet
Område både for sommar og vinterutfart. Fiskevatn, setrar og hyttegrender. Skogs- og fjellterreng. Lette fotturar til Svartløken og Ørskogfjellet. Bomveg frå Tomrefjord. Parkering på Tomrereset som er utg.punkt for m.a. Sandfjellet

Nakkedalen/Nakkereset
Fint turterreng for utfart både sommar og vinter. Fiskevatn. Frå Botnavatnet sti til Skjerdingsvatnet. Frå Krogsætra merka sti til Blåskjerdingen med svært flott utsikt (2-3 t). Tilkomst m/parkering fylkesvegen Fiksdal-Vatne

Rekdalsetra m/fjellområde
Utgangspunkt for fleire turar som er skilta og merka. Godt merka sti til Rekdalshesten i lett fjellterreng. Fossevatnet, Røvarhytta i Langedalen og Urdfjellet er andre turalternativ. Bomveg frå Rekdal opp Rekdalsdalen til setra.

Artikkel - info 
Sist endret 21.06.2010 Reidun Bjølverud
Opprettet 14.09.2007 Odd Jarle Talberg
Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Artikkel 

KOMMUNEINFO:

Vestnes kommune
Rådhuset, 6390 Vestnes
E-post
Servicekontoret:
Opningstid: 09:00 - 15:00
Org.nr.: 939 901 965
Telefon: 71 18 40 00
Tema - rediger 
Fri tekst [2] 

Fri tekst [1] 

Tips / del